TechUpdate:
Kor langt kjem ein med maritime batteri

Maritime CleanTech

Dato: 25. september 
Tid: tba
Sted: Quality Hotel Maritim

Program

Maritime batteri vert stadig større, betre og meir effektive. Når næringa for alvor må kutte utslepp framover, kor mykje er det å hente på el-drift?

Maritime CleanTech har gleda over å invitere til ein open TechUpdate på maritime batteri. Her vil me få status på dei ulike batteritypane, kor langt me kjem på desse i 2024, og kva rekkevidde ein forventar å oppnå fram mot 2030.

Seminaret ser også på infrastrukturen langs kysten, og gir ein status på lademoglegheiter for elektriske og hybride fartøy frå ulike segment. Me vil også vise fram elektriske nyvinningar, medan me ser på kva fartøy og operasjonar som egnar seg best for batteridrift.